Helse Førde-Seksjonsleiar
Ergoterapi og velferdsteknologi er del av Medisinsk klinikk, og ein av fem seksjonar i Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR). Seksjonen har 9 årsverk, inkludert leiarfunksjonen. Vi er i hovudsak lokalisert ved Førde sentralsjukehus, men vi har også personale knytt til Nordfjord- og Lærdal sjukehus. Ergoterapeutane gir tenester til nær sagt alle fagområde i somatisk del av Helse Førde HF, og deltar aktivt i det tverrprofesjonelle arbeidet ved ulike kliniske avdelingar og poliklinikkar. Seksjonen er aktiv i høve innovasjon, tensteutvikling og forbetringsarbeid.